LITTERATURHUSET: Hallgeir Opedal i samtale med forfattar Marit Eikemo.

«Alt er sant»

- Alt er sant, seier Marit Eikemo til samtaleleiar Hallgeir Opedal og nikkar ut mot publikum. Lett bergensk duskregn sklir nedetter vindauga på Litteraturhuset. Den nye boka, «Vi er Brødrene Eikemo», står på startstreken.

Publisert
OMSLAG: Slik ser omslaget på boken ut.

Så spring historiane fram med omsorg, latter og kjærleik. Lett og ledig som fem par Eikemoføter.

Føtene tilhøyrer dei fem brørne Per, Martin, Reidar, Kåre og Einar. Gutar som mista far sin i ei fallulykke i 1951, då eldstemann Per berre var 14 år. 

Tapet og tida forma alle brørne på ulikt vis, men dei er ein samansveisa flokk. Vi blir med inn i huset far deira bygde. Det høge huset med rom til så mange, og utsikt over Odda sentrum. Alltid liv og røre. 

No er det berre Per som bur der, han står åleine og ser ut glaset.

Eg har lese mange bøker av forfattaren og syns ho skriv godt. Ho har dette skarpe blikket for samtida, denne snerten som lokkar fram komikken i det såre. Slikt blir det Amalie Skram-pris av. Denne vart ho tildelt i 2017.

– Alt som har hatt betydning blir rot, sukkar Marit. 

Eg trur ho tenker på alle tinga som blir att etter levde liv og brått eller gradvis missar meining. I motsett fall er desse små livgjevande forteljingane fulle av meining og godt komponerte. 

Det er lett å finne fram til gylne augneblikk; køyreopplæring på sida av all fornuft, maratonløp og rekordar, fortenestemedalje og kongeknekk, elva som slår gnistar, ein snopesjuk ungdom sitt møte med «onkel politi» og eit farvel med ein kjær hest. 

Det slår meg at søskenbarnet til Marit, Lars Eikemo, som vi møter heilt i starten av boka, er involvert i mange av dei hendingane som festar seg i meg gjennom høglytt latter og lågmælt medkjensle. 

Ein industribohem tenkjer eg, uten at eg heilt veit kva eg legg i det. 

TIPS: Marianne Hansen er Askøy24s bokanmelder.

Forfattaren sjølv byr på bacalao, tunellpunktering, manglande søvn og detaljar eg ikkje trur ho har delt før. Boka er personleg, men også allmenngyldig. Den passar ypparleg til høgtlesing.

Med Brødrene Eikemo løftar Marit Eikemo fram den munnlege fortellartradisjonen på glimrande vis. Det er underhaldane og rørande, kort mellom latter og blanke auger. 

Eg får lyst å spørre far min, som er like gamal som Per, om korleis han hadde det på 50-talet.

Fakta/Dagens bok

  • Tittel: Vi er brødrene Eikemo
  • Forfattar: Marit Eikemo
  • Forlag: Samlaget
  • Utgitt: mai 2024
Powered by Labrador CMS