Leserinnlegg

SAMAN FOR INKLUDERANDE FRITID: Kulturminister Lubna Jaffery saman med representantar frå organisasjonane som skreiv under på fritidserklæringa.

Alle unge må få delta i fritidsaktivitetar

Vi vil jobbe saman for at alle barn og unge skal få delta i fritidsaktivitetar i lag med andre.

Vestland fylkeskommune + 12 offentlege og frivillige organisasjonar

28. september signerte vi Fritidserklæringa Vestland og vart det første fylket med ei regional fritidserklæring. Det forpliktar oss til å jobbe for ei inkluderande fritid for alle barn og unge. 

Ifølgje Frivillighet Norge er det seks hindringar som kan føre til at ikkje alle barn og unge deltek i fritidsaktivitetar: Økonomi, kultur, tilgjengelegheit, tid, oppfølging og kjennskap. 

Vi i offentleg sektor og frivilligheita i Vestland jobbar for å senke hindringane saman. Fritidserklæringa Vestland slår fast at vi i større grad må samarbeide for å løyse desse utfordringane, slik at fleire barn og unge får medverke og ta del i fritidsaktivitetar.

Gjennom Fritidserklæringa Vestland forpliktar vi oss til

  • at fritidsaktivitetane skal vere opne, trygge og inkluderande
  • å redusere hindringar for deltaking
  • å sørge for låge kostnader for å delta
  • å legge til rette for at fleire arenaer blir universelt utforma, og betre tilgangen til nærnaturen
  • å sikre at barn og unge får medverke i utviklinga av fritidsfeltet
  • å jobbe for at barn unge finn ein aktivitet dei trivst med og opplever meistring gjennom fritidsaktivitetar

Den nasjonale fritidserklæringa vart først vedtatt i 2016 og på ny i 2022. Ho er signert av regjeringa og mange aktørar frå offentleg og frivillig sektor. Fritidserklæringa byggjer på barnekonvensjonen til FN, artikkel 31, som seier at barn har rett til kvile, fritid og leik, og til å ta del i kunst og kulturliv.

Fritidserklæringa Vestland forpliktar oss til å saman finne betre løysingar slik at alle barn og unge kan delta i fritidsaktivitetar i lag med andre. 

Jon Askeland, fylkesordførar 

Petter Sortland, leiar i KS Vestland 

Liv Signe Navarsete, Statsforvaltar i Vestland 

Dina Kvittingen, leiar i Vestland ungdomsutval 

Jan Ludvig Jacobsen, leiar i Vestland Musikkråd 

Nils R. Sandal, leiar i Vestland Idrettskrets 

Gunvar Mikkelsen, koordinator i Forum for Natur og Friluftsliv Hordaland 

Magnus Frøyen, leiar i Forum for Natur og Friluftsliv Sogn og Fjordane 

Nooshin Zaery Loolani, leiar i Vestland Innvandrerråd 

Torgeir Toppe, politisk seniorrådgjevar i Vaksenopplæringsforbundet Vestland 

Margrethe Utkilen, leiar i Vestland Frivilligsentralar 

Else-Berit Helle, leiar i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) 

Vestland Sylvi Leirvaag, koordinator i Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) Sørvest og Nordvest

Powered by Labrador CMS