LESERINNLEGG

LANGT IGJEN TIL LIKESTILLING: Eit likestilt samfunn, helsevesen og arbeidsliv vil gjere meir for å redusere sjukefråveret enn alle karensdagar i verda, meinar Marthe Hammer.

Året der kvinner vert mennesker

«2025 må vere året kvinner vert menneske, at menneskerettar òg gjeld for kvinner og at kvinner si helse vert teke på alvor» skriv Marthe Hammer (SV).

Publisert

Årets TV-augneblink i 2024 var for mange av oss biletet av LO leiar Peggy Hessen Følsvik «åleine» i debatten mot norske arbeidsgjevarar. LO-leiaren sto opp for den norske sjukelønsordninga vel vitande om at ho hadde over ein million medlemmer i ryggen, mange av dei kvinner.

LO-leiaren veit det vi veit: Kvinnehelse har òg noko med arbeidskvardagen å gjere. At kvinners sjukdom og helse ikkje vert teke på alvor. At kvinners reproduktive rettar ikkje vert teke på alvor. At kvinner i overgangsalder ikkje vert tekne på alvor. At kvinner som vert utsett for vald og valdtekt ikkje vert tekne på alvor. At sjukdom som berre rammar kvinner framleis er eit mysterium for helsevesen og farmasøytisk industri.

I debatten om sjukeløn som i debattar generelt er det sjeldan at kvinnene sin perspektiv vert sett på dagsorden. Vil det vere bra for samfunn og arbeidsliv om vald og valdtekt vart monaleg redusert? «Nasjonalt kompetansesenter om vold og traumatisk stress» seier at 1 av 10 norske kvinner har vore utsett for alvorleg fysisk vald i nære relasjonar. 1 av 5 kvinner rapporterer å ha vorte valdtekne minst ein gong.

Vi er diverre her i 2025 at vi må påpeike at kvinner må sikrast grunnleggjande menneskerettar.

Kvinner tek vare på eiga helse så godt dei kan. Men i 2025 er eksempelvis ikkje østrogenbehandling for kvinner i overgangsalder på blå resept. I 2025 er mammografiprogrammet framleis utanfor frikortordninga.

I 2023 kom NOUen frå «Kvinnehelseutvalet». Etter lansering har lite skjedd og framleis venter ein på «kunnskapsløft» og «utgreiingar» om kva som er så spesielt med kvinner.

Høgresida si frammarsj i Europa og USA går laus på kvinners reproduktive rettar frå dag ein. I Noreg sit høgresida og legg ned fødeklinikkar, vil svekke sjukelønsordningar, auke talet mellombels tilsette og privatiserer helsevesenet – samstundes som dei undrar seg over at talet på fødslar går ned.

2025 må vere året kvinner vert menneske, at menneskerettar òg gjeld for kvinner og at kvinner si helse vert teke på alvor.

Kanskje kan vi og få arbeidsgjevarorganisasjonane KS, NHO, Spekter og Virke med på at eit likestilt samfunn, eit likestilt helsevesen og eit likestilt arbeidsliv vil gjere meir for å redusere sjukefråveret enn alle karensdagar i verda.

 

Powered by Labrador CMS