PARTNARVALD: «Alle kommunar må verte pålagt å ha eigen plan mot vald i nære relasjonar, og det bør krevjast at det skal vere eit eige team som skal bistå i slike saker» skriv (frå venstre) Kristin Hartvedt og Marthe Hammer.

Beskytt kvinner nå!

Det er på høg tid at kvinner som vert utsett for vald får fridomen tilbake.

Lesarinnlegg av Kristin Hartvedt, kvinnepolitisk leiar i Vestland SV og Marthe Hammer, gruppeleiar i Vestland SV

Kvinner over heile verda markerer i desse dagane den internasjonale kvinnedagen 8. mars. 

Denne vinteren har vi dessverre vore vitne til ein svært dyster statistikk. Sidan nyttår har vi sett ein drastisk auke i partnardrap i Noreg. Det er liten tvil om at noko må gjerast med vald i nære relasjonar, og lista strekker seg lengre enn berre utvida bruk av omvendt valdsalarm.

I 2022 gjorde Riksrevisjonen ein gjennomgang av myndigheitenes arbeid mot vald i nære relasjonar. Den viste at oppklaringsprosenten går ned, saksbehandlingstida er for lang, og at oppfølginga av valdsalarmar og besøksforbod er utilstrekkeleg.

Noreg har relativt låge drapstal, men i 2023 såg vi dei høgaste drapstala på 10 år, og i byrjinga av 2024 har fleire partnardrapssaker rysta oss. 

Dei fleste sakene er kjent for politiet, ved at dei utsette har varsla om vald frå sin partnar eller tidlegare partnar allereie. 

Personleg fridom for valdelege menn har fått vere viktigare enn tryggleik for dei som vert utsett for vald.

Kristin Hartvedt og Marthe Hammer

Kvinner som blir drepne av sine partnarar har ikkje berre varsla om vald, men er ofte blitt mistrudd når dei har forsøkt å seie ifrå. Politiets manglande oppfølging er livsfarleg. 

Vi ser no ei enorm auke i talet på anmeldelsar, men politiet slit med å etterforske og løyse sakene. Talet på saker som når domstolane har heller ikkje auka. Dette er ei stor utfordring. 

Det er viktig at etterforskinga av slike saker vert gitt nødvendig prioritet og ressursar.

Sidan 2013 har norsk rett hatt moglegheit til å pålegge omvendt valdsalarm for personar med kontaktforbod. Påtalemyndigheitene har søkt om dette i 232 saker, men berre fått innvilga det i 105 av dei. I 2022 vart myndigheitene kritisert av Riksrevisjonen for mangelfull innsats i kampen mot vald i nære relasjonar.

I dag er det slik at det er domstolane som bestemmer om nokon skal verte idømt omvendt valdsalarm. Terskelen er høg og det tar lang tid å få ei avgjersle. Sjølv i saker kor politiet har bevis på grov mishandling har domstolen sagt nei. 

Personleg fridom for valdelege menn har slik fått vere viktigare enn tryggleik for dei som vert utsett for vald. Når lovendringa på dette området trer i kraft, forventar vi at dette tiltaket i mykje større grad vert tatt i bruk, slik at fleire kvinner får ein reell beskyttelse.

Per i dag er kommunar berre oppfordra til å ha ein plan mot vald i nære relasjonar, og i 2022 mangla 60 prosent av norske kommunar ein handlingsplan. 

For å styrke kommunanes arbeid med vald i nære relasjonar må alle kommunar verte pålagt å ha eigen plan mot vald i nære relasjonar, og det bør krevjast at det skal vere eit eige team som skal bistå i slike saker.

Det er på høg tid at kvinner som vert utsett for vald får fridomen tilbake.

Powered by Labrador CMS