LESERINNLEGG

Kutt i biblioteket – eit svekka tilbod til innbyggjarane
Norsk bibliotekforening Vestland håpar politikarane i Askøy kommune tek meir ansvar og løyver biblioteket eit budsjett som sikrar eit godt tilbod til innbyggjarane sine.
Det er urovekkjande å sjå korleis Askøy folkebibliotek no har fått redusert tilbodet sitt ytterlegare. Etter lovord frå ordførar og kultursjef ved opninga av nye lokale i haust, skulle ein tru 2025 ville bli eit år med ekstra satsing på biblioteket. I staden har Askøy kommune vedteke eit budsjett som går hardt ut over biblioteket sine tenester. Opningstidene er allereie skrenka inn, fleire arrangement må avlysast, det blir færre nye bøker i hyllene og kutta tilgang til digitale aviser når Pressreader vert fjerna. Skulebiblioteka vert òg råka når koordinatorstillinga vert redusert.
Dette er mykje på ein gong. Biblioteket er ein av få stadar i lokalsamfunnet som er heilt gratis og open for alle. Ein slik møtestad i samfunnet er svært viktig, spesielt for dei som treng det mest. Einsemd, utanforskap og fattigdom råkar mange, og eit ope og inkluderande bibliotek vil vera ei viktig motvekt.
Askøy folkebibliotek har lenge merka seg ut som ein svært aktiv stad med solide tilbod til publikum og spanande arrangement. Harry Potter-dagen, barseltreff, tesalong med boktips og debattar gjer biblioteket til ein lågterskel møtestad for inspirasjon, læring og sosial omgang. Eg ville tru Askøy kommune ville støtta dette arbeidet. Difor er det paradoksalt at kommunen i handlingsplanen sin for 2025–2028 seier dei vil styrke biblioteket som møteplass og debattarena, samstundes som budsjettkutta hindrar nettopp dette arbeidet.
Kutt i biblioteket styrkar ikkje biblioteket – det svekkar det. Norsk bibliotekforening Vestland håpar politikarane i Askøy kommune tek meir ansvar og løyver biblioteket eit budsjett som sikrar eit godt tilbod til innbyggjarane sine.