Leserinnlegg
Leikeplass for kven?
No står vi overfor ein kritisk situasjon som krev modige, men naudsynte avgjerder. Fem skular er truga med nedlegging, og SV meiner det er minimalt å spare på det.
Arild Iversen, Askøy SV
Dei samfunnsøkonomiske konsekvensane, tap av eigedomsverdiar og redusert folkehelse vil langt overgå innsparingane ein allereie effektiv skulesektor kan oppnå. Det kan gi ein kortsiktig gevinst, men på lang sikt er tapa betydeleg større.
I mange år har kommunen vorte styrt etter kortsiktige økonomiske planar, med ukontrollert vekst som løysing på alle økonomiske utfordringar. Dette har mellom anna ført til omfattande utbygging i allereie tettbygde område, og ein nedgang i barnetalet i bygdene. Kommunen ser ikkje ut til å ha nokon gevinst av denne strategien. Kor er den gode kommuneøkonomien som kom av dette? Eg finn den i alle fall ikkje.
Høgrepartia snakkar om utbygging av bygdene og at den komande arealplanen skal redde dei. Sanninga er at det allereie er plass til å byggje i bygdene, men det er ikkje interessant å byggje her når bustadfelt poppar opp som popcorn sør i kommunen. Her kjem enda fleire bustader som ligg i kort pendlaravstand til Bergen. Det er ei umetteleg etterspurnad, så lenge vi ikkje klarer å skape fleire arbeidsplassar på øya. SV ynskjer ein politisk kontrollert utbygging av øya, slik at vi utnyttar areal og infrastruktur på ein betre måte enn i dag.
Skal Askøy fortsetje å vere utbyggjarane sin leikeplass, eller skal vi sikre leikeplassane til ungane våre? Det er til dømes vedteke å bruke 20 millionar kroner på brakker ved Strusshamn skule for å sikre vidare utbygging i dette området. Det er svimlande summar vi ikkje har, og som viser kor ille det kan gå.
For meg er det tydeleg at dersom vi hadde innført ein moderat eigedomsskatt for mange år sidan, kunne vi ha unngått den finansielle knipa vi no står i. Med stabile inntekter over tid kunne vi ha planlagt og finansiert naudsynte prosjekt på ein måte som over tid vart mindre belastande for innbyggjarane. I staden står vi no overfor ei stor rekning og ein høgare eigedomsskatt enn vi alle hadde ønskt oss.
No er det heldigvis fleirtal for å utgreie eigedomsskatt, noko SV var det einaste partiet som gjekk til val på. Vi har alltid vore ærlege og tenkt langsiktig, sjølv om det ikkje alltid gjer oss populære. Eg vil gje honnør til Høgre, Askøylisten, MDG, Venstre og KrF som saman med oss stemte for ei slik utgreiing. Eg meiner at denne ærlegheita og viljen til å ta upopulære, men naudsynte avgjerder er avgjerande for å sikre ei berekraftig framtid for kommunen vår.
Eigedomsskatt vil gje oss dei naudsynte midla til å handtere forpliktingane våre og sikre vidare drift av skulane. Meir enn det, vil det på sikt gjere det mogleg for oss å investere i til dømes omsorgsbustadar, næringsutvikling, førebyggjande helsetiltak og kulturliv, og styrke grunnlaget for ein levande og attraktiv kommune for framtidige generasjonar.
SV meiner at vi ikkje kan stirre oss blinde på kutt og ukontrollert vekst som dei einaste løysingane. Det er på tide å tenke langsiktig og ta ansvarlege val som sikrar både vår felles økonomiske og samfunnsmessige framtid.