Lokal politikk
LNF-områda er noko vi kan vere stolte av
LNF-områda på kartet er kanskje nettopp det som kan vere med på å utvikle Askøy, og gjere oss til ein attraktiv kommune i framtida.
Janne Kjellevold Midtbø, gruppeleder MDG
Forkortingar er noko vi ofte brukar utan å tenkje på kva det betyr, og nokre gonger vert forkortingar som eit stammespråk, der berre dei som held på med det forstår kva det betyr. KPA og LNF er døme på slike forkortingar.
I desse dagar skal Askøy sin Kommuneplanens arealdel (KPA) fornyast. Den gjeldande planen er frå 2012, og mykje har endra seg sidan den gongen.
Ein av dei tinga som har endra seg er at vi fekk ein ny samfunnsdel i 2015. Gamal den òg, men arealplanen skal byggje på samfunnsdelen, noko den ikkje gjer i dag.
I innleiinga til samfunnsdelen står det følgjande: «Samfunnsdelen er med på å definere og formidle kommunens identitet og hvilken retning kommunene ønsker å gå». Askøy sin identitet, kva er det?
I kommuneplanen sin samfunnsdel finn ein delmålet: «I 2030 føler innbyggerne stolthet og identitet til Askøy og egne nærmiljø». Strategier for å nå dette målet er: «Vi tar vare på identitetsskapende elementer som kulturminner, kulturlandskap, historie og natur», og videre: «Vi arbeider systematisk med å synliggjøre og utvikle Askøys gode kvaliteter knyttet til natur, kultur og historie».
Med dette bakteppet, om kva som er Askøy sin identitet, kjem vi inn på den andre forkortinga eg vil ta føre meg her, LNF. Bak denne forkortinga finn vi Landskap, Natur og Friluftsliv.
Førebels er under éin prosent av naturen i kommunen verna.
LNF verkar som ein raud klut på mange innbyggjarar i Askøy. Dei meiner at LNF på kartet i arealdelen betyr at ein ikkje får utvikle Askøy, men desse områda er vel kanskje nettopp det som kan vere med på å utvikle Askøy, og gjere oss til ein attraktiv kommune i framtida.
Landskapsdelen i LNF er verkeleg noko vi kan vere stolte av. Askøy har flotte kulturlandskaps-områder, der forfedrane våre har slite og halde det i hevd.
I dag er det ikkje mange som driv jordbruk i kommunen, men nokre plassar kan vi framleis sjå små lam leike seg på beite. Dette bør vi ta vare på, og det er òg noko eg får tilbakemelding på frå folk eg har på besøk.
Herdla, som er den plassen i kommunen eg har fremst i pannebrasken når eg skal anbefale folk stader dei bør dra på Askøy, er eit flott landskapsområde, som heldigvis har eit verna naturområde i tillegg. Landskapsdelen er verkeleg ein del vi må ta vare på, og som ein bør ta med når ein vil utvikle Askøy som ein stad for opplevingar og turisme.
Naturdelen er vel den delen av LNF folk flest forbind med MDG. 19. desember 2022 blei Naturavtalen vedteken i Montreal. Denne avtalen seier at vi skal bevare minst 30% av land- og sjøareala våre og restaurere 30% av naturen som er øydelagt innan 2030, altså innanfor same tidsramme som samfunnsdelen vår i Askøy.
Vi har ikkje så god tid, så arealdelen, som skal handsamast no, bør legge dette inn. Førebels er under éin prosent av naturen i kommunen verna.
Friluftslivet er viktig for mange askøyværingar, noko vi ser når vi køyrer forbi Siglingavatnet friluftspark. Parkeringsplassen her er som regel full. Det er synd at mange må køyre for å kome seg til eit område der dei kan gå på tur.
Dette er også i strid med måla i kommuneplanens samfunnsdel, der vi har delmålet: «I 2030 har Askøys innbyggere god tilgang til friluftsområder og et godt friluftslivstilbud», med strategien «Vi legger til rette for blå-grønne strukturer som stimulerer til aktivitet og rekreasjon i nærmiljøet».
Eg håper du vil sette meir pris på LNF-områda no, og vil anbefale alle, både politikarane, som skal handsame arealplanen, og innbyggjarane til å lese kommuneplanens samfunnsdel. Det er nemleg denne som legg grunnlaget for KPA. Du finn den på kommunen si heimeside.